Ta kaka

Ta kaka

Selja Forlag AS

  • 190 kr

Kommer på lager etter

Ta kaka. TA KAKA Frå hellebakst til kunstferdige konditorkaker. Frå julekaker til lekre dessertar. Rikhaldige kakebord er tradisjon når noko skal feirast på Vestlandet. TA KAKA serverer for første gong vestlandskakene på eitt brett. Dette er ei norsk kakebok der kakene vert sette inn i ein større kulturhistorisk og geografisk samanheng. TA KAKA er ei reise i tid og rom: vi ser på utviklinga frå dei første enkle bakverk i tidleg mellomalder og fram til dagens moderne kakekunst. Boka er òg ei reise på Vestlandet, frå Egersund i sør til Kristiansund i nord. Kaketradisjonar frå bygd og by er med, ikkje minst frå "kakehovudstaden" Bergen. TA KAKA inneheld kring 200 oppskrifter frå heile Vestlandet og er rikt illustrert. Lat deg inspirere av flotte bilete til spennande kakebakst! Hovudfotograf er Oskar Andersen. Åse Kongsvik (f.1962) driv Henjatunet gardskjøken i Leikanger, der ho serverer festmat med lokale, økologiske råvarer. Kari Støfringsdal (f.1947) er bondekone i Jølster og har sentrale verv i Norges bygdekvinnelag. Ho er utdanna faglærar i husstell, og held mange kurs og føredrag om mat. Åse og Kari har tidlegare skrive bøkene "Fjordamat - Kokeboka for Sogn og Fjordane" og "Alle tiders Fjordamat - til høgtider og merkedagar", begge Selja Forlag. Heidi Brunstad-Øyehaug (f.1962) er lærar ved Høgskulen i Volda, avd. heimkunnskap. Ho har tidlegare skrive boka "Bakebok for mannfolk - og folk flest".

Forfattere: Heidi Brunstad-Øyehaug, Åse Kongsvik, Kari Støfringsdal Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 223
ISBN: 9788291722566 Vekt: 695 g
Forlag: Selja Forlag AS Innbinding: Innbundet
Utgitt: 2005 Veil. pris: 368 kr
Kategori: Mat og drikke
[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out